Sunnmøre kaller i havblikk og nye draumar.

Etter takke- og signingsferda med Gjøcofolket sette vi utfjords og vest til Atlanterhavsvegen og Storseisundbrua. Dei undersegla vi og tok atter ein gong fast i gjestebrygga på Håholmen. Der hadde eg handla oss til husrom og føde med styraren, Karina Hoel, eller Morganine Cain som eg på spøk og litt alvor kallar ho.’

Filmen og foredraget eg tvitra var til Karina si mor Bjarnhild, ho feira med slekt og vener sin fødselsdag. Ho var fødd og oppvaksen i Finnmark med både dialekt, humor og stil intakt. Då eg var til endes med min versjon av tur retur roturen til Lerwick og Shetland i 2015, ville ho ugjerne opp frå Saga Siglar-restane til meg og scena. Eg måtte først true med å bere henne opp og fram på podiet i Saga Siglarhallen. Der fekk ho mi fødedagsgåve, mi tolking av Evert Taubes MAI PÅ MALØ. Ei venlegsinna forsamling applauderte -

Gunnar Warholm og eg skulle segle heim neste dagen, laurdag. Men eit daudt startbatteri og mi mistolking av multimeteret gjorde at det vart mykje unødig feilsøking, skruing og to netter på Håholmen. Då vi kasta loss hadde Karina (Morganine Cain )mønstra på over Hustadvika til Bud.

Det vart ein sanselaus fin tur både over Vika, Harøyfjorden, Lepsøyrevet og rundt Flø. Gunnar Warholm sat på den fora og svingbare førarstolen og heldt styreåra i stø kurs. Berre dei siste par timane til Tjørvågbukta og Håvika Marina tok eg over. Men eg hadde fødd Gunnar vel med prat om mine framtidsmål og draumar, kaffi og frukt i sukkerfri vaniljesaus. I Håvika vart vi møtt av Elin Moltubakk, ho er Gunnar sin sambuar og i tiårsvis min styreformann. Ho køyrde oss heim og kvar til sitt.

No ventar eg mest på at mi kjære kone Pen kjem til Vigra med fly frå Thailand. Kanskje hentar eg ho med min kjære knarr Kvitserk …….

Galskaparen og Skalden Ragnar takkar, helsar og lover meir seglande og lesande striper.

Kommenter, del og kom med, www ragnarthorseth.no

Ragnar ThorsethKommentar