Velkomen til den spanande heimen vår på Torsethøgda!

Pen og Ragnar Heime

Vi opnar heimen vår på Torsethøgda for deg som vil sjå, oppleve og smake heile og deler av våre til saman meir enn hundreårige liv - og fem års samliv - i ulike land og verdsdelar på sjø, land og is. Etter avtale kan Ragnar underhalde med historier og film frå sine turar - og jammen kan han slå til med eit kvad om høvet byr seg.

 
 
 
 

Naustet - returen og roturen

I eit tradisjonslaga naust i tunet vil du finne færingen “Brattholm Havila” frå roturen fram og tilbake Shetland i 2015. Kajakken som dei i fleire år har segla og øvd i, og som dei skal padle/segle på langtur med om ikkje altfor lenge er å finne her.
Utruleg nok har Ragnar enno sin første båt; ei lita pram som han og broren Bård fekk av pappa Asbjørn i fire-femårsalderen. Tidleg på femtitalet nytta dei prammen til “langturar” til Fånota på Dimnavika, søkklasta med vener.

HK-katedralen

I Torsettunet vil du finna mange overaskande innslag: Ein tosetars utedo og eit buddatempel er like naturlege som eit torvtekt, natursteinsmurt “skyle” med ei utstilling av intakte båtmotorar som Ragnar har brukt i si karriere alt frå barndommen. Ei vedfyrt, tosylindra, dobbeltverkande dampmaskin er under bygging. Det nye båtnaustet til “Brattholm Havila” og utedoen “Sirilund” er bordkledde med røff, ubehandla gran og skal ikkje målast.

Hytta som vart heim

Hovudhuset der Kari var arkitekten, er bygd på same tufta som farfar Rasmus bygde hytte til Bård og Ragnar. Huset er slik som då Kari og Ragnar skilde lag etter 38 års samliv. Kari delte sølvtyet og tok med berre heilt personlege ting. Elles er det stort sett som det har vore sidan 1978. Til og med kjøkeninnreiinga er den same – nyskurt og skinande i mørkt tre. Til bords i storstova er det rom til 10 personar for mat og møte eller 20 til kaffi, dessert og drøs.

Valhall - tankesmie og museum

I Valhall kan 28 pers. ete, sjå film, høyre foredrag og samtale med Ragnar.
Dette og mykje, mykje meir er ope og til bruk for dei som vil vitje Pen og Ragnar Heime. Dette er ein god stad for ettertanke og team- og kompetansebygging for næringsliv, offentlege grupper, lag og organisasjonar. Barn og skuleklasser tek vi og gjerne imot.