Pen og Ragnar Thorseth Heime

Ein makelaus møtestad

 
 
 
Ragnar_04_start.jpg

Unn deg ei oppleving du ikkje vil gløyme

Velkomen til Torsethøgda!

Ta med deg vener og kollegaer til eit “live-show” i heimen til Pen og Ragnar Thorseth. I tunet på Torsethøgda har vi sett i stand eit opplevingssenter med fleire spesielle bygningar i tillegg til det romslege bustadhuset. Her kan du få tilrettelagt eit opplegg som passar nettopp for ditt arrangement.

 
 
Pen-og-Ragnar_web.jpg
 

Ein makelaus kombinasjon

Historieformidling
& Servering

Pen kjem frå landsbyfgda i Thailand der ho tidleg fekk ansvar med syskjen og med foreldre som dreiv kafé og torghandel i tillegg til frukt-, krydder- og grønnsakdyrking. Med sine thai-rettar syter Pen for dei gode opplevingane ved matbordet i heimen.
I Valhall, HK-Katedralen, Prosjektsmia og i Brattholm/Havilanaustet er det Ragnar som som står til rors. Han har mykje å dele med deg av filmar, foredrag og ramsalte historier frå eit fargerikt liv, alltid på leit etter nye utfordringar. Nokre av merittane hans er eineståande i vår tid; han leia den først norske ekspedisjon til Nordpolen, vikingknarren Saga Siglar jorda rundt, vikingeskipa “Gaia”, “Saga siglar” og “Oseberg” til Vinland, USA og Rio, overvintring saman med familien på Svalbard, ekspedisjonane med Santo, Nordvestpassasjen i speedbåt mm - og Ragnar har møtt menneske som vi kjenner berre frå media og historiebøkene; Fidel Castro, Kong Olav, President George H.W. Bush, Dronning Elisabeth, President Vigdis Finnbogadottir, Sir Edmund Hillary, Thor Heyerdal for å nemne nokre.

 
1982: Første norske ekspedisjon på Nordpolen


1982: Første norske ekspedisjon på Nordpolen

1984: Strandhogg med saga siglar, grønland


1984: Strandhogg med saga siglar, grønland

1971: Santho i Amagssalik, Grønland


1971: Santho i Amagssalik, Grønland

1977: Beerenberg, Jan Mayen


1977: Beerenberg, Jan Mayen

1979: Upernavik, Grønland


1979: Upernavik, Grønland

 
 
Ragnar_01.jpg
 

Det uoppnåelege - oppnåeleg?

Teambygging
& Tankesmie

“Pen og Ragnar Thorseth Heime” er eit opplegg for den som vil ha ei oppleving som gir liv til fortida, til draumar som vart realiserte gjennom Ragnar Thorseth sin utferdstrong og ståpåvilje. Og kanskje kan det vise at det som synest uoppnåeleg kan oppnåast for den som strekkjer seg etter det, ung eller meirårig. 
Ragnar har gitt ut mange bøker og fleire filmar frå sine ekspedisjonar, men å møte Ragnar slik privat er ikkje alle forunt, og vi trur at opplevingane i tunet vil etterlate seg eit inntrykk som vil bli hugsa. Og kanskje gi gnist og spire til andre sine draumar.

 
 
Ragnar_05.jpg
 

 

Finn oss på

Torsethøgda

 

Om det ikkje høver for deg å møte opp i heimen, kan Ragnar gjerne kome til deg - der du vil - for å halde foredrag og fortelje om sine mange utrulege opplevingar - med eller utan båt.

 
 
 
 
 
 

 

R.T. - LEVD LIV

Ragnar sitt ekspedisjonsliv er i dag svært godt presentert på Ishavsmuseet på Brandal gjennom utstillinga “R.T. - LEVD LIV” på 64 rutemeter. Likevel er ikkje huset og garasjen som Kari og Ragnar bygde i 1978 tomt for ting og tang frå dette livet. Utstillinga på Brandal skulle hatt minst dobbelt så stort areal for verkeleg å heilteikne Ragnar Thorseth sitt liv, sa kreativ leiar for teamet som laga utstillinga. Desse minna, pluss mykje Ragnar hadde dobbelt sett av og nyare ting, har han framleis heime og intakt.

 
Away from the smog in cities, our hearts are drawn west, where the only dust is earth, and the only barrier is the sky. Head west for the silence that roars from a wild heart.
— Lily Moon River
 
 
Svalb-fam-022_web.jpg