Fødebyen min, Follandfolket, Fugløya og Gjøcoheimen.

Eg hadde - og har framleis fleire heimar eg levde i og minnes på Nordmøre. Den viktigaste var og er fiskeværet Håholmen der eg hadde mine første levemånader saman med mor og morfar Baard Bergseth som i 1898 kjøpte for pengar han hadde tent på m.a. 12års gullgraving i Alaska. Og der han som første eigar busette seg med ungdomskjæresten Marit Smørholm. Det same gjorde kona mi Kari og eg då vi med vener kjøpte været, ga det nytt liv og innhald og døypte det Håholmen Havstuer. Vi dreiv, utvikla og bygde det til dagens stand. Vi gjorde det om til ein spanande møte- og buplass for folk som var ute etter unike og ekte opplevingar i alt vi hadde å by på. På land, på sjøen, i spisesalen, møteromet og i senga. Eg lærde å symje på Håholmen, fiske og ro og med morfar Baard til laksenøtene ved Hotten. Eg var og med saman med bror Bård og morfar då det siste partiet klippfisk vart tørka på vår Korsholmen på 1950-talet. Det syner dette bildet der eg er i midten saman med bror og morfar ;begge Baard, onkel Einar, tante Jenny og søskenbarntvillingane Marit og Birger Bergseth.

Fra venstre; Baard Bergseth, Einar Bergseth, Birger, Ragnar ståandes, Bård sitjande, Tante Jenny og Marit Bergseth på Korsholmen.

Klippfisk var viktig leveveg for fleire av Bergseth/Håholmætta. Tante Borghild vart gift med Sigurd Folland. Dei budde på Langbakken der onkel Sigurd hadde sitt anlegg rett innafor Hestskjæret fyr. Dit reiste vi med motorbåt i barndommen. Vitja og leikte med eldre søskjenbarn og dit drog eg ofte i helgane i gymnasåra for å jobbe for godt stell og betaling. Onkel Sigurd var raus med meg, I dag er Langbakken brufast med dei andre små holmane og fjerde generasjon Folland driv no verksemda. Dit segla vi med Gjøcofolket og Sigbjørn Folland, tredje generasjon, tok oss vel imot og fortalde om verksemda. Det eg likevel hugsar best var då han fortalde om pengelause meg som baud han katamaran-kajakken, som mi thailandske kone Pen og eg segla vestkysten av Grønland i 2018. Kva skal eg pluss 60 år med ein leikebåt? hadde han spurd kona si Inga. - Jau, svara ho. Det er nettopp no du skal byrja å leike. Det vart handel og dei begge er ofte ute og seglar og leikar seg mellom holmane og skjæra i området.

The beauty and the Beast, fra NRK-dokumentaren Pen Thorseths forunderlige reise; https://tv.nrk.no/se?v=DVFO30000417

Ragnar og Pen på prøveseilas i Thailand 2017

Vi rundsegla Averøya ytre gjennom Sveggsundet og Sørsundet og inn hamna til Kristiansund. På veg dit hadde vi Bremsnes og Hågsneset om styrbord der eg og kveldsjobba med klippfisktørking dei tre gymnasåra. Eg lødde tørkevogner med fisk som eg plasserte i tørkeomntunnellen for onkel Jakob, yngste bror til mor Gjertrud. Då vart det siste ferja heim til hybelen i Kristiansund.

Vi segla inn på Vågen i Kristiansund med Mellemverftet og Repherbahn og atter tenkte eg på skuletida og fritida i februar. Vi var fem-seks bondestudentar som hadde danna eit losselag. Særleg i 1965-1966 hadde vi helgane fulle med å losse storsild i meir enn 12timars økter. Og vi tente godt. Vårt neste Kvitserkstrandhogg var Fugløya vis a vis Vestbase og der venta eit nytt Eventyr. Gjøcosjefen Rolf Gjøen var los og pilot.

Kvitserk forankra ved skonnerten Ideal ved Fugløya

Fugløya er freda grunna sin natur, dyre- og fugleliv og bygningar eigd av ein stiftelse, Freda burde han og verte Rune Torgeirson, Han og kona Kari driv sine ideelle aktivitetar der mot barn og ungdom som treng eit skapande liv å smake, leve og ta aktivt del i. Her er med den 120 fots tremasta skonnerten IDEAL sentral. Den har Rune bygd med eigne hender på ei kai i Vågen i Kristiansund. Utruleg flott arbeid , materialvalg og detaljar eg ikkje har sett maken til. Skapt av ein mann som synte oss rundt både ute og inne. Alt medan fleire havørner i dobbel mastehøgde sirkla godlynte over oss. Makelaust. Gjøco -karane og Gunnar tok natta på framdekket under eit presenningstak medan eg sov på babordbenken i akterhytta. Neste morgon gjekk seglasen til Gjøcoheimen og fabrikken der min livsviktige dekksolje for trebåtar var oppfunne og vert produsert. Treverket på Saga Siglar held enno sjøl etter forliset på tidleg 90-talet.

Ragnar Thorseth og Rolf Gjøen ved den fyrste Gjøco-avdelinga

Hjå Gjøco møtte vi tre generasjonar Gjøen som fortalde om verksemda som vart starta opp før siste verdenskrig med fisk og fiskemat som hovudprodukt. I dag er Gjøco ein storprusent av ulike produkt som vernar trevirke både over og under vatn i mange ulike blandingar og fargar. I den første produksjonsbygningen vart vi sessa med ein saftig og variert lunch. Eg fekk og helse på onkel til Rolf som eg hadde god kontakt med då “nye” Håholmen skulle fargeleggast og vernast. Fru Rolf var inspirerande vert med kunnskap og meriningar. Vi var vel alle samde om at det hadde vore ein Gild Seglas med gode opplevingar i skuta, på sjøen og i land,

Skalden og Galskaparen Ragnar takkar og helsar.

Gjøco AS - Olje, maling og lakkfabrikken i Torvikbukt på Nordmøre. https://gjoco.no

Ragnar Thorseth1 Comment