Shetlandsfæringen BRATTHOLM HAVILA til dvale i 6 knops fart

Det var med skoting og mine to årer BH sakte skleid opp i vogna bak bror Bård sin firehjulstrekkande FIAT traktor og opp på land i Aspevika inst i Aurvågen ved elveosen.

Men . Pluss seks knop logga vi på Tjørvågvika etter loss frå Håvika Marina i ein frisk sørvest bris og litt skummande småbylgjetoppar. Den tok oss faderleg fort til lykta på skjeret Bymannen og vidare aust og rundt Storøya og Kvitøya. Der, midt i Kvitøystraumen, fekk vi bakk i seglet og bråstogg. Derifrå og til Aspevika vart det vidare i knappe tre knop for elektrisk solcellelada propellbatteri og årer. Pluss 1,5 timar tok turen til hjelparane Bård og Ståle og vintervogga.

det er kjempe kjekt å vere på sjøen med Brattholm Havila. Trygg og god å ro. men mest moro under segl. Knappe 15 fot lang og 3,5 kvm raud duk.

Siste turen med BH i år vart kanskje den kjekkaste og viktigaste av altfor få turar på havet. Eg kan skulde på helsa og ein vond rygg og mykje arbeid og styr med knarren min Kvitserk. Uansett var det herleg på denne siste seglasen å bruke seglet og kjenne i hender og hovud at eg framleis meistra den kunsten. Gleder meg til neste år, vår og sommar. Då skal det verte meir…..Det lovar eg både båten og meg sjølv…..

Framme og til venstre slipesteinen som kjære Pen dreg når eg kvesser blyanten min og til høgre framme bikkja mi som ikkje bit, men blinkar kvitt i skyming og natt

Naustet mitt er ei sak for seg. Tømmer skoga, saga og levert pr. bil og hengar av bror Bård sin lærarskuleven Knut Olav Solemdal frå Bjørnstjerne Bjørnsons barndombygd Nesset i Romsdalen. Knut Olav skoga, og reiste og på 200årgamalt vis naustet som hyser BH om vinteren. Golvet ligg vel 90 m over havet i dag og gir flott tilflot om det verste skal skje og all is smeltar i både nord og sør og i Himalaya vel 8000 moh. Difor er ikkje golvborda spikra men skal som det var før flyte uskadde opp nå springfloda ein gong kjem. Slik sikra dei gamle seg. Det trur eg på og held i hevd. Taket er heller ikkje som taka var i velstandshus med hollandske pannesteinar eller i dag aluminium o.l. Taket er tekka med treflis frå Nesset.

Midt i dette hadde eg no søndag tenkt ein sesongsiste venetur med Saga Siglar-systå knarren Kvitserk. Den turen avlyser eg i kveld grunna veret. Ikkje det at Kvitserk og eg ikkje skulle ha greitt å gjennomføre den. Men det skal vere kjekt å segle med Kvitserk og ny tur vert det når våren kjem hertil.

Skalden og Galskaparen Ragnar Thorseth helsar på återhøyr og återsyn.

Ragnar Thorseth