Heim til Håholmen, folket mitt og familien

Fra den tid når Hilding, Kvitserk og Havella låg side om side.

Eg kallar det HEIM TIL…….. Det skal eg freiste å grunngje. Då mor Gjertrud hadde fått stor mage og tida leid mot nedkomst reiste ho frå Sunnmøre og heim til far Baard Bergseth, gullgravaren og væreigaren og mor Marit frå Smørholmen.på Håholmen. Mor var den yngste i barneflokken og bindingane til mor og far var enno sterke den tida på slutten av 1940-talet. Då barnet byrja å sparke og ville ut, tok morfar Baard laust med skuta hans SILVER BELL og segla til Kristiansund og sjukhuset der. På morgonen kom nurket til verda 17.februar og det var eg, Skalden og Galskaparen og underteikna. Knapt tre månader seinare i mai la morfar og SILVER BELL på nytt ut frå holmen med kurs over Hustadvika og til Thorsethgarden på Synste Møre med mamma og meg i lasta. Sidan var det kvar sommar etter slåtten attende til Håholmen med mamma, bror Baard Martin og meg til store opplevingar, lærdom og leik med søskenbarn, tanter og onklar, natur, båtar og fiske. Og klippfisk på berga på Korsholmen. Ikkje rart at eg valde Kristiansund høgare offentlege allmennskule då gymnas stod for døra. Gode grunnar for mitt valg var Håholmen og onklar som dreiv med klippfisk og hadde jobbar til meg. Dessutan hadde Kristiansund Vanndamman, eit yrande båtliv på hamna og som det vart sagt; dei finaste jentene. Det vart gjennom åra mange små og store EVENTYR. Eg stortrivdes -

Fra morgonen etter landgang på Håholmen i juli ifjor sumar

Då eg i fjor haust med Tor Øyvind Sørheller og Kvitserk var på Håholmen, gjekk eg tom for smertestillande ryggmedisin og måtte til Bruhagen og apoteket der. Det eg hadde var gyldige reseptar,men ikkje diplomatpass, foreldre eller dna gentestar som krevst som dokumentasjon og identitetsprov. Den blide, men vaktsame jenta i luka så på meg og årsaka seg og systemet. -Sjå ein gong til sa eg. Jenta kika grundig, smilte opp og sa; Du er Ragnar Håholmen ,ser eg. Med det som bevis fekk eg mine pillarar.

Sjåfør på apotekturen og då og no styrar på Håholmen var Karina Hoel. I min tale Morganine Kane med panserstål og empati i blikket og colttrekktid på 1/6 sekund. I si tid på holmen har ho gitt den attende til bygdefolket på Averøya og Hustadlandet med sitt varme og romslege gjestesyn. Det vert ho takka for, noko av det same ville eg då eg med hennar hjelp baud inn til attersyn og atterhøyr i Saga Siglarhallen onsdag 30.juli i år. Kone Kari og mi takk til våre nære grannar då vi kom, tok over Håholmen og på dei fleste vis saman med våre lokale tilsette bygde oppatt fiskeværet til Håholmen Havstuer. Vi jobba alle med eit sams mål. Vi var som ein av dei beste familiar. Det var fullsett sal der eg tvitra om den tida. Dei i salen fekk og sjå og høyre min film om min tur/retur og rotur Fosnavåg, Shetland Fosnavåg i 2015. Ikkje fritt for at eg tykte å sjå fleire våte augepar då eg takka for all støtte og hjelp Kari og eg hadde fått. Frå folk flest til den gong ordførar, rådmann og fylkesmann i MR. Det var eventyr og opplevingar eg aldri skal gløyme - TAKK OG PÅ ÅTERSYN

Meg sjølv som held på meg som spedbarn

Gunnar Warholm og Karina Hol i godt lag

Fra min takketale ifjor når eg bad Charles Rangø og Karina Hol fram på scena.

Ragnar Thorseth