Fullmånehimmel og høgtid over Thorsethhøgda

Slik ser vi ut forma og skapt av kunstnar og ven Marit Eiksund og hennar pensel

Det heile byrja med nordlandsjenta Marit Eiksund som har skapt bilda av mi kone Pen frå Thailand og meg, Galskaparen og Skalden, med slektsrøter frå alle våre tre fogderi i Møre og Romsdal. Men truleg mest av alt sunnmøring på vondt og kanskje litt godt. Mannen til Marit var Øystein som i sine beste år fekk ein vond og dødeleg sjukdom som av alle ikkje vart teken på alvor. Øystein vart med på den siste etappen av jordomseglinga med Saga Siglar rundt Stad og heim til Herøy i 1986. Det hadde vi vorte samde om før den lange seglasen. Marit var ein skapande sjel og ville male folk og hendingar. Hennar største verk er truleg “TERJE VIKEN” med rammer av mine årer frå shetlandsturen i 1969, innkjøpt av Grimstad kommune. Marit hadde eit trangt arbeidrom og ei periode nytta ho kontoret mitt i ei trong og no einvegskøyrd gate i Ulsteinvik. I det same gamle pensjonatbygget, høgt under taket og store rom, fann fotografen Per Eide og sitt studio. Då Pen, fødd under fullmånetid i Thailand, kom heim i haust vart ho veldig fasinert og oppteken av eit portrett Marit hadde skapt av meg og som hang under taket. -Trur du Marit kan lage eit slikt bilde av meg og, undrast Pen.Det sa Marit Ja til og maleriet fekk Pen med seg heim til Thailand.

Marit fekk ymse bilder av Pen og mitt samliv som i det store og heile har vore svært god - og spanande under ulike himmelstrok. Dette er frå vårt ikkje heilt lovlege bryllaup her heime med kaptein og ven Jim Remøy som prest og administrator sponsa av Sjå og Høyr. Det måtte og vart lovleg forsegla i Thailand året etter. Og varer …..

Nok eit Se og Hør foto ved vår ven Petter G S Sundt sin gamle motorseglar, då i Adolf Dypvik sitt eige. Og til champagne sponsa av same vekeblad. Har framleis ei krukke att til komande diamantbryllaup……..

Noko som Pen og eg har gjort saman er det vi kallar Pen og Ragnar Thorseth HEIME og dei heimesidene du er inne på no. Her deler vi både gleder og sorger med våre vener og alle som måtte vere interesserte i det vi har gjort, det vi gjer og framtida, Det vert ikkje nokon brå slutt med oss slik SKALDEN og GALSKAPAREN ser det.

Sjå elles tvfilmen frå NRK Pen Thorseths forunderlege reise. Pen har fødselsdag i morgon og både ho og eg tek gjerne imot ønskingar frå Dokke. God helg.

https://tv.nrk.no/se?v=DVFO30000417

Ragnar Thorseth