Med takkebod til Per i Bud.

Vi skreiv tysdag 22.juli kl 1100. Gjøcofolket med høvding og direktør Rolf Gjøen var vel om bord Kvitserk i Håvika Marina i Tjørvåg. Han hadde med eit brødrepar som utmerkte seg som gode medseglarar med interesse og evner for og til det meste. Viktigaste medseglar var skipper og ven Gunnar Warholm. Utan Gunnar hadde vi verken greidd nord- eller heimturen. Ven og dansefjørpartnar/roar var og Karen Notøy Jarnes. Ho vart representert med ei fargerik bomme full av sjølbaka rundstykker med dei beste pålegg i heimesmør, røykalaks, ost og spekemat pynta med mills EKTE majones. Underteikna, Skalden og Galskaparen, armert med gåstol og ryggsmertestillande pillarar, tok første rortørn i den nymonterte styrestolen fra Farvan i Nørvåg med sidestøtte og skjermande soveposeunderlag i ryggen og baken. Og fylte ut og opp med visestubbar og soger. Fortald med innleving og krydra frå ein meir og mindre dårleg og ikkje alltid pålitande husk - utan blygskap. Det fungerte i havblikkleia og Kvitserk sitt kjølvatn og spor frå i fjor. Vi hadde det kjekt, KJEMPEKJEKT;

Vi gledde oss i solsteika i Harøyfjorden og Saltsteinleia. Vi skulle kjøpe friskluftsvifter for å døyve varmen. Vi sikla etter ein god middag på ein av dei kjende kafeane i Bud og eg så fram til å återsyn med Per Egil Pedersen. Han hadde hjelpt oss med startstraum då vi låg start - og lensepumpe og straumlause i fjor på sørtur. Redningsselskapet sin vakttelefon nekta oss hjelp på sørtur. -Vi gjev ikkje assistanse til fartøy i hamn, var svaret frå mannen i vakttelefonen. Ein austlending, sjølvsagt. Det ville og gjorde Per Egil og kom attende med sin superbatteristartar. Vi fekk motoren igang og eigen straum frå dynamoen. Derfor ville eg møte Per Egil og takke nok ein gong.

Superlangsalta raudsei vart det ikkje. Klokka var over seks om kvelden og stengde kafear. Men ein velfungerande kiosk hadde både hamburgarar og kylling ..Bud var utselde for vifter og fire av oss sov på framdekket under ein oppspent seglduk. Sjølv sveitta eg gjennom natta på rygg på babor benk i akterkassa. Og ved 0900 -tida kom hjelpesmannen vår Per Egil Pedersen.

Ragnar Thorseth