Gjeldfri i motvind, medstraum og tropesol til Bud.
Eg borda bilen til Gjøcosjef Rolf Gjøen på Hareid ferjekai mandag kl 1000, eg kjende han berre på målet og røysta etter mangfoldige JA når eg bad om terpentin, dekksolje og botnstoff til den skrogtyste knarren Kvitserk. Søsterskip til “SAGA SIGLAR” og som byte for verdsomseglarknarren. Den vart bygd på Bjørkedalen i 1993 for meg og Håholmen Havstover sine opplevingssvoltne gjestar. Han sanna seg ikkje berre i store godord, men og i høge 2,20 meter og veleigna som utkikk hadde eg høyrt frå ein sams kjenning frå Averøya. No hadde eg bede han med på segltur nordover til hans heimtrakter. Men først ville eg syne han nokre element og makelause skapningar frå vårt område sørom Breisundet.
Vi byrja på Brandal med Ishavsmuseet Aarvak der Webjørn Landmark og ikkje minst Webjørns far har skapt, utvikla og på beste måte driv noko som det etter mitt syn ikkje finns maken til i denne verda. Webjørn tok vel imot og målbar ei lågmælt, men grundig rundsin i alle dei fire golvhøgdene, ishavsskuta Årvak i tørrdokk med eit prakthus over og ikring skuta. Til sist ved kaia, ishavets ståldronning “Polarstar”. Der tredekket over stålet er innsett og verna med Gjøco dekksolje. “Det skal Dykk få meir av. Berre ta kontakt”- sa Gjøcosjefen Rolf då vi takka Farvel.
Etter kortreist biltur stogga vi ved det nybygde høvdinghuset Hodr Hjørungavåg høvdingsete. Der tok Kvitserkvenen og høvdinghusbyggar Gunnar oss imot. Han tok oss med rundt i dette eineståande og nyskapte tunet, om det ikkje var for min støtte- og gåhjelpar firhjuling og våre klede, så var vi 1000år attende i tid. Makelaust vert eit lågmælt uttrykk for den vi såg og opplevde ute og innomhus. Det må berre opplevast. Dette er dei realiserte draumane og gjerningane til ei gruppe “galningar” som med haud og hender på dugnad er skaparane av dette storverket. Det må opplevast. Gjøcosjef Rolf Gjøen var like imponert, men ikkje mållaus. Ta kontakt om der er noko vi kan bidra med for å ta vare på dette, sa han.
Sist på mandagens visitas var grunder og sel- og kvalvareentusiast Arnfinn John Karlsen Klungsør i Tjørvåg. Mest kjent kanskje for Polarolje raffinert og utvikla frå selspekk til helsebruk. Han har og vore på selfangst som fangstmann og med eiga skute. No har han og sin eigen kvalfangsbåt og driv med mottak og spekking av selkjøt. Sist på verket er eigen kafe KVITUNGEN og bunkring for både bilar og båtar. Etter kaffe og omvisning fekk Rolf vel inne i bilen vita at Kvitserk var blitt bunkra på krita for turen norover neste dag. Det ville han ikkje ha noko av. Til mjuke protestar frå meg gjekk han inn att og løyste ut pantet. Gjeldfri måtte vi sjølvsagt kaste loss.
Skalden og Galskaparen helsar på Återsyn i morgon.