Ej gløymde det viktigaste...
Skalden og Galskaparen ,eg, Ragnar Thorseth, gløymde i min siste epistel på disse sider å takke dei gjeve kvinner og menn som i dag klargjorde knarren Kvitserk for seglasen nordaustover til Bud, Hustadvika, Håholmen og Grip.
Den første som ga sitt bidrag var skjønne og skapande Karen Notøy Jarnes. Ho kom syklande til Håvika Marina med ei bomme full av nysteikte grovkornbollar påsmurt og pålagde med ekte setersmør, skinke, røykalaks og ekte majones m.m. Om ho melder seg som medseglar tysdag morgon veit eg ikkje, berre vonar,
Vidare takk til væreigar og entrepenør i selprodukt og kvalkjøt, Arnfinn Karlsen, på Øyraneset med kafe, bunkersstasjon for energi færre no har som m.a. 98 oktan bensin som ikkje øydelegg våre motorar. Arnfinn er ein særmerkt kar med meiningar og kunne om både det som var, er og om framtid. Ta ein tur til Kvitungen cafe for godt snop, smørolje eller Polarolje og ein prat. Han er den siste her i landet som tek imot selskinn. Og han odlar selspekket til helsekost som i alle høve kineserane og slike som meg prisar høgt. Kvitungen cafe søndag møtte vi og ishavsveteranen Johan Brandal.
Om bord på Kvitserk var og min mykje sprekare jamnaldring og Håholmveteran Gunnar Warholm truleg av same ætt som hekkeløparen Karsten, Gunnar har fleire år som høvesmann på Kvitserk enn eg. Og idag teita han åleine med litt hjelp av ein jekketalje alle babordsvanta på Kviserk som stramme gitarstrenger og masta litt hallande til babord. Ikkje minst hadde han ei genial løysing på å få tak i og nedatt styrbord flaggline frå 14meters mastehøgd utan å klatre masta med stolpesko. Gunnar dirrigerte meg til å smyge Kvitserk under baugen på gamle TEIGENES. Frå baugtoppen der fiska han den losna flagglineenden med to samansurra båtshakar. I enden festa han ein trekrokar frå svenskepilken min og fekk fast fisk i flagglina og trekte ho med. Eg er sjeleglad og takksam for at Gunnar vert med på Tysdag og nordaustturen.
Sist men ikkje minst vil eg takke Tor Øyvind Sørheller som eg kallar DataTor Springheller. Han var åleine med meg til Håholmen i fjor og fekk sin første elddåp på Hustadvika då masta tok laust og svinga vilt i slakke vant. I dag har han hatt både indre- og yttreteneste om bord. Siste jobben på dekk var med høgtrykk å spyle vekk måsemøkka som har pepra skuta i vinter og vår. Det vart mykje betre. Tor skal ikkje segle med denne gongen, men vert med delande sin datakunnskap. Eg har gløymt korleis eg brukar og misjonerer på mine heimesider. Men her skal Tor vere med å få saker, ting og ikkje minst bilder på plass. Dagens portrett av meg i innleinga er ikkje konfirmasjons- eller brudgomsportrett. Men med meg sjølv som 70åring med eittårige meg i armkroken. Mykje har skjedd i desse åra og fleire hendinga skal det verte i tida som kjem med mine gode hjelparar og medseglarar.
Det lover Skalden og Galskaren Ragnar Thorseth som Helsar og ber del. del. del