Knarren Kvitserk klar for seglas nordaustover
Vi byrja klargjeringa av vikingskipet Kvitserk da prestane var vel nede frå deira stolar søndag i dag.
Det var steikande sol og berre ein svak bris då vi la til på Øyra ved Polargodt og Arnfinn Karlsen sine brygger
Det største volum som vi lasta ombord var 235 liter diesel på krita vil våre 90 hestar John Deere i akterbuken av kjølen. Seinare tok vi ei kanne med 98 oktan bensin til vårt 220volts aggregat som leverer 800 watt. Nok til ruter, internett og mobilladarar. Elles var det rydding, på plass har måsen hatt støvsuging og ikkje minst høgtrykksvasking av bukasser, for og akterdekk. Før vi fekk mast og rå på plass hadde nokre hundretals måsar nytta vår stolte skute som kvileplass og avtrede. Ikkje bra.
I morgon kjem vår gode støttespelar og dekksoljesponsor Rolf Gjøen frå Gjøko for å inspisere og verte kjend med skuta og oss. Rolf og ein kompis skal vere med oss nordover. Tysdag morgon kl 10,00 kastar vi loss frå Håvika Marina. Neste stopp og natt vert i det gamle og kjende fiskeværet Bud ved sørenden av Hustadvika.
Onsdag kryssar vi den vika og kjem til Håholmen der eg har lova ein stor Hendelse til lokalsamfunna og gode vener på Hustadlandet og Averøya.-og kalla Pekalien
Neste dag torsdag m.a. til Grip. Dette og meir til vil eg skjalde om på desse sider, del, del, del
Skalden og Galskaparen Ragnar Thorseth Helsar.