Vil du/dokke verta min "sambuar"?
Min gode ven heilt tilbake frå gymnasåra i Kristiansund 1965-1968, har sagt opp sin bustad her hjå meg etter 2,5 år buande her på høgda.
Eg er derfor interessert i å leige ut halve huset til nokon som treng ein god bustad i landlege omgivnader men kort og sentralt til buss, lege, tannlege og fysioterapi og butikki Myrvåg midt mellom Fosnavåg og Ulsteinvik med gode kommunikasjonar til flyplass Vigra og Volda/Ørsta Hovden. Huset bygd i 1978 og godt i stand har kjellar og to etasjer over. Ledig er 2.etasje med to soverom og to balkongar, bad og toilett og stovedel med salong og kontorplass. Leigebuar vil i første etasje dele kjøken og vaskerom med meg og to inngangar til hall og gang, kjøken med oppvaskmasin og vaskerom med klevaskemaskin og to kjøleskap. Felles toilett i 1,etasje ved inngang hall. Heile huset er møblert og i beste stand.Felles internett.
Eg er interessert i einebuar eller nokon med eitt barn, gjerne frå Ukraina. Personleg kan eg hjelpe med god integrering og kunnskap til Norge og vårt språk og kultur. Etter 15års samliv og ekteskap med thailandske Pensri Thorseth kan eg litt om dette.Har ledig frå 1.januar 2026. Ta skriftleg kontakt for meir info og synfaring
Med beste helsing
Ragnar Thorseth, Torsethøgdvn.9, 6070 Tjørvåg.