Saga Siglar - Til Dovre Faller
Jordomseglar Saga Siglar byrja sine seglasar i New York 9.oktorber 1975. Det var 8 år før den vart sjøsett. Den dagen i 1975, hadde min ven og medseglar Alf Moltubakk, supertankar og Bergesen chief, og eg kome i vår 31 fots Viksundsjark « Cleng Peerson». Under fulle segl og motor hadde vi steama inn under Verozanobrua og ein sveit nyheitsfilmande helikoptre. På sjøen framfor oss brannbåtar med sprøytande sjø høgt til værs. Ved South Street Seaport Museum la vi til kai. Der klarerte vi immigrasjon, toll, presse og den norske generalkonsulen. Han ynskte oss velkommen, baud oss på bankett til ære for heidersgjesten Kong Olav V, på Waldorf Astoria Hotel.
Vi hadde bak oss 4400 nautiske mil i den nordlegaste Atlanterhavruta via Shetland, Færøyane, Island, Grønland, Baffin Island, Labrador, New Foundland, Nova Scotia til New York. Dette var på dagen 150 år etter at den første Immigrantskuta «Restaurationen» fra Norge kom dit med 54 nordmenn, den yngste født undervegs på den langt sørligare ruta dei hadde fylgt. Dette er «Leiv Eiriksson-dagen» i USA. Under den kongelege banketten sat vi på bakerste benk i i våre beste klede med «propeller». Der og då slo det meg, og vart noko eg berre måtte gjera. Dette må seglast ommat på rett vis; Med eit ekte vikingeskip.
Vel heime i Norge, lærde eg at danskane hadde funne eit spesielt vikigeskip, ein knarr senka i innseglinga til Roskilde. Knarren var vikingane sitt laste, passasjer og havskip. Dette var båt en eg ville ha.
Eg drog til Danmark og vikingeskipsmuseumet i Roskilde. Der møtte eg direktøren, Ole Crumlin Pedersen. Han tok meg imot med glede og åpne armar. Eg fortalde om min draum om å få bygd og å segle ein kopi av denne knarren. Han sa då: «Dette skipet var opphaveleg bygd i Norge, ein gong like før år 1000. Ingenting er bedre enn at skipet kan bli bygd i Norge». Han lova meg folk og all den kunnskap dei hadde. Han gav meg eit sett tegningar.
Menn, ikkje noko var klart for bygging av eit vikingskip eller Vinlandseglas. Eg mangla pengar, og ikkje minst tillit til å starte eit slikt prosjekt på den tida. Dessutan hadde eg Roald Amundsen og Nordvestpassasjen på blokka. Også der sikta eg mot eit jubileum. 75 år etter ville eg, som «Gjøa» og Amundsen, segle i deira kjølvatn i ein 20 fots speedbåt. Vi la ut i 1979, det var med eit nestenforlis, ei overvintring og ein frosen etappe med snøskuter. Vi fullførte i 1980. Med på dette var filmfotograf Trygve Berge og Alf Moltubakk. Vinteretappen var med min etterkvart beste ven og islos, inuitten Ekaksak Amagualik. Etter å ha segla i motstraum Mackenzie elva, avslutta vi i Hay River, Great Slave Lake (Store Slavesjø).
Vel heime var eg mykje nærmare det store knarremålet. Eg hadde skrive fleire bøker og artiklar med bilder. Saman med Trygve Berge hadde eg lært å lage tv-program. Eg hadde levert hundrevis av lysbildeprogram med mine ord over heile landet. Eg hadde på min måte delt mine opplevingar med titusenvis av andre, og vart blitt litt kjent for mine ekspedisjonar.
Eg ville gjere noko som ingen nordmenn hadde evna: Den første norske ekspedisjon til Nordpolen over isen. Det gjorde vi, fire mann iløpet av to måneder, mars og april med målet nådd 29.april 1982. Det var eit svettande blodslit i frost nedtil -54,5 gr C. Det var med eit nestenmytteri grunna i mistillit til min ikkje alltid rette leiaravgjerder.
Heime att drog eg til Bjørkedalen og båtbyggjar Sigurd Bjørkedal. Eg tok han på ordet. Han hadde lova å bygge Roskildeknarren, dersom eg gjorde Nordpolen. Vi avtale sjøsetjing og levering våren 1983. Vi var igang med seglasane med knarren Saga Siglar, døypt av Anne Stine og Helge Ingstad ved Sunnmøre Museum. Museet hadde fått eierskapet til skipet bygd av midlar eg samla inn på Sunnmøre. Eg hadde bruksrett til båten ein periode. Det vart som planlagd i draumen, ikkje berre seglas i den nordIegaste ruta til New York, men halde fram jorda rundt 1983 til 1986. Etterpå var Saga Siglar ein del av opplevingstilbodet til Håholmen Havstuer som Kari og eg saman med å vener bygde opp. Den var og attende i Amerika, New York og Washington DC, i samband med Gokstadkopien Gaia og Osebergskipet, som eg rådde over. Saga Siglar og Osebergskipet forliste i Middelhavet på veg til Verdsutstillinga i Sevilla 3.mai 1992. Etter tapet av Saga Siglar fekk eg bygd ein ny kopi. Den fekk namnet Kvitserk etter ein stor isbre på Grønland for å halda fram i kjølvatnet til Saga Siglar, å gje opplevingar og kunnskap.
Etter 30 år på Håholmen, er den no på nytt i mitt eige. Målet no er retta mot unge jenter og gutar. Vi - seniormedseglarar – vil så eit frø til ungdommen om å dyrke og leve ut sine draumar på sjø eller land i verda. Og saman med oss, sjå at det umogelege kan vere mogelig.
Dette er min draum no. Ragnar Thorseth – Galskapar og Skald.
Til Dokke Alle: Ha det kjekt: drøyme, skape og Dele ......