Leiarskap og lytefri

Eg ville ein gong verte stortingsmann, men mista lysta og hadde truleg berre vorte som dei fleste andre klovnane som er og vil vere det. Eg ville drive med eigne idear og prosjekt og styre alt sjølv - i samråd med mitt mannskap og mentorar som eg har hatt mange av - og har framleis - gjennom livets opp- og nedturar.

Les mer
Ragnar Thorseth
Tru - tvil - vantru og det mogelege -

Eg har røynd og er midt oppe i det i dag og. No er det noko so banalt som den siste rekninga frå kredittkortselskapet. Kva klarer eg å stable på bordet og i banken til fristen den 15.juli og deretter  eventuelt pluss 20 pct. renter?

Les mer
Ragnar Thorseth
35 år sidan Nordpolen

Filmfotograf og eventyrar og ven ringte meg i føremiddaag.- Veit du kva dag det er i dag, spurde han. Nei sa eg, og prøvde å halde dfarsgrensa på veg til Ørsta. - Det er 35 år sidan vi nådde Nordpolen, sa Trygve. Javel svara eg og la til: Aldri meir. - Ikkje eg heller, sa Trygve.

Les mer
Ragnar Thorseth
Smedkurs på Thorsethøgda første helg i mai.

Det har vore travle dagar for Pen og meg etter at vi kom heim frå Thailand. Pen har vore i matbua si Thai Godsaker ved Coop i Tjørvåg nesten kvar dag. Ho har hatt selskap av vår skjønne dotter Nat som har gjort dagane trivelegare for ho. Eg har hatt betre samvit når eg saman med gode hjelparar har reist Prosjektsmia vegg i vegg med HK-Katedralen.

Les mer
Ragnar Thorseth
Heime i Thailand

Pen og eg har no vore pluss tre månader i Thailand. For det meste har eg vore her åleine, medan Pen har vore hjå sonen Not, Mama og Papa 200 km herifrå. Ho har hjelpt til heime med smått og stort og seks dagar i veka har Mama og Pen vore på den lokale marknaden nokre km unna og selt heimelaga mat og sjølvdyrka og hausta deilige frukter frå eige land.

Les mer
Ragnar Thorseth
Sist i sekstiåra-neste 70 pluss

Her underteikna som spent og kanskje litt sjelven 21-åring etter åleinerotur til Shetland og Lerwick og stor og varm velmkomst. Ein time fram i tid skal eg få helse på Dronning Elizabeth og Prins Philip etter nykjøpt dress på sponsa av arb eidsgjevar Fjordene Tidende ki Måløy. Men mest viktig fleire timars drill av høge herrar frå dronningstaben som drilla meg i kva eg kunne sei- og ikkje seie.

Les mer
Ragnar Thorseth