Evig eies kun eit dårleg rykte
So heiter det i songen, og det kan vere både sant og usant alt etter kven som ser og korleis og når. Mi tru er at det vonde kan snuast til det gode, og at eit dårleg rykte har bøtingsvon nesten uansett.
Men det var ikkje dette som var tekstmålet mitt no. Den andrefødde og no- og lengslevane sonen min Eirik Thorseth har åremål i dag. Han fekk tidleg prøve seg både i moro og arbeid og eventyr.
Hans faglege, men sikkert og sosiale førebilde, var min skald og fotograv Trygve Berge frå Molde.Der var faktisk Eirik på prøve eit bil, men det som fatna størst hug og interesse var ikkje Trygve og hans mange kamera og tilhøyrande dupedittar, men An ny og Trygve si skjønne dotter.
Veit ikkje om det var grunnen til at fotografyrket var lagt til side. Han ville på sjøen og som sin bror Njål vart det mange turar med meg og med mor Kari og meg i lag.. Det vart fiskarfagskule, dekkslinja på Aukra, jordomsegling med "Saga Siglar" og seinare tur med Gokstad og Unicefskipet "Gaia" til Vinland og Rio i Brasil saman med supportskuta "Havella.II"
I USA og vidare fekk han plikter som intendant og etter kvart eit bel skipperjobben på "Havella" før fyllte 18 år og sjølvsagt heilt lovlaust utnemnd av meg. No høyrer det med at i Karibia fekk eg to dagar og ei natt med han som vart min ven denne makelause natta Fidel Castro, El Presidente og El >Commandante kalla og regjerte.
Lært litt av det, og tok snart same rolla sjølv på land. Men på sjøen var og er eg Lord Nelson og Tordenskiold.
Er det rart at eg er litt kry av etterkomarane. Njål sjømann og no i mange år plattforsjef. Eirik skipper, operation manager i rederi i Singapore, inspektør på skipsverft i Vietnam og som meg ein farande fant.
Torer nesten ikkje skrive det, men ved fleire høve har Eirik sagt at underteikna er den beste skipperen han har segla med nokon gong.
Takk for dei orda Eirik, som eg vonar framleis står ved lag og av eiga røynsle kan eg slå fast at det er frå no og ut og fram du skal skape ditt liv og ettermæle.
Til lukkde med Dagen og dagane som kjem. Det er dei som tel mest-
I mangel av rett bilete la eg først inn Plany-konstruert og laga plastdukbåt vi skulle bruke over råker på ved til Nordpolen i 1982. Ved mi unge side Sigbjørn Notøy som heller ikkje haar pensjonert seg og som eg har segla mykje med og fått god hjelp.(Skroget i "båten" er to samansurra skutersledar.