Aldri for gamal er ho........
Den stilige og spreke dama i sitt åttiseksårige liv har kjøpt seg færing, robåt, ein strandebarmar frå 1950.. Det er den same kvinna som har roddmin shetla shetlandsfæring “Brattholm Havila” og inspirert meg til å dra ho med på Gamaldans i Ørsta sist haust. No er ho altså redar att og gled seg til roturar so snart båten har trutna. Den ligg no i støda til husbond Perry sitt naust på Tjørvågvika. Det er vis a vis mine tre farkostar i Håvika Marina. Denne kjekke dama heiter Karen Notøy Jarnes og er eit utruleg livat menneske,